Dette er nettportalen askrova.no
Askrova er ei øy vest av Florø og ein del av Flora kommune. Tilhøyrande øyar som har hus eller hytte er Tansøy, Helgøy, Raudøy og Æsøy. Denne portalen er laga for Askrova og tilhøyrande øyer.
Dette er ein informasjonskanal for fastbuande, turistar og tilreisande.
Portalen opna 15. februar 2007. Innhaldet er i fyrstninga avgrensa. Ein har valt å opne portalen og utvide innhaldet etter kvart. Innan 2007 vil portalen få si faste form.
Portalen skal dekkje fleire funksjonar for øysamfunnet. Ein vil her kort nemne ;
Nyhende som vedkjem Askrova samfunnet. Informasjon om arrangement og påmeldingar. Dette vil omfatte Øyacup, fest, tilstellingar, møter m.v.
Portalen vil innehalde historier frå og hendingar om utvikling og levesett på øya.
Portalen vil etter kvart innehalde slektsoversikter. Ein del av desse vert tilgjengeleg for alle. Andre data vert tilgjengeleg etter pålogging av portalen.
Det vert satt opp eige fotogalleri. Mange av desse kjem frå lokale fotoamatørar.
Gjestebok vert opna for tilreisande.
Forum er oppretta for utveksling av informasjon. Kunn registrerte brukarar kan delta her.
Aktivitetsguide for besøkjande. Reiseguide og ruter vert lagt ut.
Alle er velkomen til askrova.no 