en-USnb-NO
26. september 2017

Butikk og Kro - innehavar Magne Svardahl

Historikk

Det har vore butikk/landhandel på Tansøy/Askrova så lenge ein veit. Ei stund var det fleire som dreiv landhandel .

Krambua på Tansøy vart lagt ned i 1967 samstundes som ny butikk og fiskemottak vart opna på Askrova.  Fiskemottaket vart seinare lagt ned i 1990.  Underteikna er fjerde generasjon som driv landhandel og har drive med det sidan 1980.

Oldefar Mads kjøpte bruket på Tansøy i siste halvdel av 1800 talet, og seinare har oldemor
Sara drive fram til bestefar Annanias overtok. Deretter far min Magnar og etter han mor mi Asbjørg.
Dagens butikk og framtida

butikk
Det har hatt ei fallande kurve på folketalet ,og når vi no på det lågaste er ned mot 80 fastbuande er det ein stor utfordring å kunne sikre vidare drift. Ein god sommarsesong saman med mange tileggsoppgåver og stort sett lojale kundar har heldigvis gjort dette mogeleg. Butikken er eit viktig samlingspunkt både for alle som bur eller vitjar øya. Til dei tilreisande vil eg seie (særleg dei med hytter) at det er svært viktig at De brukar butikken og ikkje fyller opp bilane med mat før De kjem. På den måten er de med å sikra aktiviteten på øya som igjen sikrar gode ruteforbindelsar. Dette aukar verdien av eigedomane Dykkar og gjer dei meir tilgjengelege for dykk. Rekk De ikkje opningstidene er det berre ringe eller sende mail,

og vi leverer på døra!

Opningstider hele året:

Mandag-Fredag kl 11.00-12.00 og 1400 - 1645

Laurdag kl 11.00-12.00 og 1300 - 1530

Vi opnar gjerne ekstra ved behov. 

Treng nokon handle utanom opninstidene ring 577 45 112 eller 97 14 17 79
Mail: narbutikken.tansoy@ngbutikk.net eller magnesvar@gmail.com
 
Butikken sel også diesel, bensin, motorolje og litt fiskeutstyr.
Vi er kommisjonær for norsk tipping.

Kro

kro
Vegg i vegg med butikken har vi kro som er open  samstundes med butikken(opna i 2003). Der serverer vi kaffi og elles det meste av flytande. Vi har pubkveldar inn i mellom som vert kunngjort litt i forkant og på sommaren blir det som regel ein utekonsert på terassen med ein trubadur! Vi tilbyr og servering til slutta lag (bursdag, blåturar etc.).

Utleige

Butikken har også utleige av båtar og kajakkar.  

Nordstar

1 stk Nordstar 26 Toppfart 37+ knop.  Sitteplass 8.  Utleige med kjentmann.  Fiske, rundturar m.v.   Henv. butikken
tlf. 577 45 112 eller 97141779

 

Kajakk

 

2 stk havkajakk Hasle Expedition pris kr. 200 pr. døgn

Kontaktinformasjon

Telefon : 577 45 112

Mobiltlf:  97 14 17 79

mail:narbutikken.tansoy@ngbutikk.net eller magnesvar@gmail.com
Bilde Butikk og Kro Minimer

Get Adobe Flash player Install latest flash player if you can't see this gallery, or click here to see the html version.

  

Om oss   |   Hus-/ Hytteutleie på Askrova   |   Fotoarkiv   |   Ruter   |   Arrangement   |   Turløype   |   Jakt og fiske   |   Fritidsaktiviteter   |   Kontakt oss
Copyright (c) 2017 Askrovanett