en-USnb-NO
26. september 2017
Kort om Askrova Minimer
Milepelar og tal
 
Tansøy, Helgøy, Raudøy og Æsøy ligg vest av Askrova. Askrova, Tansøy og Helgøy har fastbuande, medan Raudøy og Æsøy har fritidsbustader.     
 
Areal
Askrova er på 7.5 kvadratkilometer. Tansøy 0,55 Helgøy 0,25 Raudøy 0.15 og Æsøy 0,35.  Høgaste punkt på Askrova er 220.69 meter over havet.
 
Folketal / busetnad
Øysamfunnet har 80 fastbuande. Desse er fordelt slik; Askrova(58),Tansøy(21) og Helgøy(1). Øyane har 43 hus med fastbuande pr. mai 2014. Det er 68 hytter/hus som blir brukt i liten og stor skala i løpet av året. 
 
Infrastruktur
Elektrisk strøm: blei bygd ut på øyane i 1953. Telefon: kom på 1960-tallet og breiband i 2006.
 
Veg: mellom Hammarset og Valvik ble bygd i perioden 1940 – 50. Denne er på ca. 10 km. Vegen går frå Valvik i nordvest til Sunde i sør og deretter til Hammarset i nordaust. 
 
Molo og kai: blei bygd ved Espeset omkring 1970. Denne er eigd av Kystverket og open for offentleg bruk. 

Gjestehamn:  Askrova Bygdelag eier og drifter gjestehamn ved butikken. Denne består av en stor betongbrygge og en stålbrygge. Kapasiteten er ca 20 båter. Det er tilgjengelig strøm, vann og trådløst internet. Pris pr døgn er 50 kr.

Grendahus:
 Askrova bygdelag har bygd eige grendehus (opningsfest 7.1.1984) og fotballplass(1995). 
 

Leikeplass: Askrova Bygdelag har egen leikeplass for dei minste. Denne ble åpnet påsken 2014 og er lokalisert ved butikken/ferjekaia.

Bedehus: Askrova Bedehus vart bygd i 1956 og opna 14. april 1957.
 
Butikk / pub: M Svardahl bygde butikk og fiskemottak i 1967. Den vart påbygd i 2003 med eigen pub og møteplass.
Bru mellom Askrova - Tansøy vart bygd i 1990 med ferdigsynfaring 10.10.1990.
 
Skulehus: Askrova skule vart etabelert før 1900. Skulehuset vart ombygd omkring 1931.  Bygningen brann ned 28.2 i 1990 og nytt bygg vart opna 9.8.1991.  Askrova skule blei nedlagt i 2006.  Øya har pr. mai 2014 4 elevar og 5 barnehage barn som reiser med skulerute til Florø.
Ruter 
Båtrute vart etablert frå omkring 1940. Sidan har øyane hatt båtrute. I dag vert bårute utført av Fjord1 – Fylkesbaatane på oppdrag frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.  Bussrute blei oppretta i samband med nye båtruter i 1976.
 
Næring 
Øya har 12 personar som er knytta til drift av gardsbruk. Fleire av desse har også anna arbeid. Det vert kunn utøvd fiskeri i mindre omfang. Mange har Florø som arbeidsstad men bur på Askrova/ Tansøy.     
Det er også andre mindre næringer som: Entreprenører, fraktebåter og taxibåt/bil.
 
  

Om oss   |   Hus-/ Hytteutleie på Askrova   |   Fotoarkiv   |   Ruter   |   Arrangement   |   Turløype   |   Jakt og fiske   |   Fritidsaktiviteter   |   Kontakt oss
Copyright (c) 2017 Askrovanett