en-USnb-NO
27. juli 2017
  Minimer

POSTEN PÅ ASKROVA

Brevhus

Frå 1933 var der og eit brevhus i Valvik. Anders Hovland bestyrte brevhuset heime hjå seg og seinare tok Aslaug Hovland arbeidet med brevhuset. I 1949 fekk brevhuset utvida arbeidsområde, då dei fekk høve til å betale ut giro/anvisninger. Brevhuset blei lagt ned i 1971 då Geir Æsøy byrja som landpostbud.

Postkontor

Magnhild Æsøy byrja i posten 1 juli 1958 og slutta i løpet av 1971.  Ho hadde postkontor heime hjå seg sjølv, og alle husstandane henta posten sin der.
I 1971 tok sonen Geir Æsøy over posten og med han kom landpostbudtenesta.  Alle husstandane fekk no posten på døra eller i eigen postkasse.
I oktober 1974 overtok Hjørdis Jeppesen som poststyrar medan Kjell Æsøy køyrde landpostruta. Han køyrde fram til februar 1975.
Leif Jeppesen ektemannen til Hjørdis overtok då landpostruta.
I juli 1975 blei postkontoret flytta frå Magnhild Æsøy sin heim. Postkontoret blei flytta til Kvamen Hjørdis og Leif sin heim. Der var det postkontor fram til august 1998.   Berit J Fjellestad og Leikny Henriksen har arbeid som vikarar her.

 

Dagens postteneste

 

posten

Berit J Fjellestad som hadde vore vikar for både Hjørdis og Leif fortsatte som landpostbud frå 1998 . Berit J Fjellestad innreia då eit postkontor heime hjå seg.
I 1999 vart Kjell Dybaa tilsett som vikar i landpostruta.


  

Om oss   |   Hus-/ Hytteutleie på Askrova   |   Fotoarkiv   |   Ruter   |   Arrangement   |   Turløype   |   Jakt og fiske   |   Fritidsaktiviteter   |   Kontakt oss
Copyright (c) 2017 Askrovanett