Butikk og Kro - innehavar Magne Svardahl
Historikk
Det har vore butikk/landhandel på tansøy/askrova så lenge ein veit. Ei stund var det fleire som dreiv landhandel .
Krambua på Tansøy vart lagt ned i 1967 samstundes som ny butikk og fiskemottak vart opna på Askrova. Fiskemottaket vart seinare lagt ned i 1990. Underteikna er fjerde generasjon som driv landhandel og har drive med det sidan 1980.
Oldefar Mads kjøpte bruket på Tansøy i siste halvdel av 1800 talet, og seinare har oldemor
Sara drive fram til bestefar Annanias overtok. Deretter far min Magnar og etter han mor mi Asbjørg.
Dagens butikk og framtida
Det har ei fallande kurve på folketalet ,og når vi no på det lågaste er ned mot 70 fastbuande er det ein stor utfordring å kunne sikre vidare drift. Ein god sommarsesong saman med mange tileggsoppgåver og stort sett lojale kundar har heldigvis gjort dette mogeleg. Butikken er eit viktig samlingspunkt både for alle som bur eller vitjar øya. Til dei tilreisande vil eg seie (særleg dei med hytter) at det er svært viktig at De brukar butikken og ikkje fyller opp bilane med mat før De kjem. På den måten er de med å sikra aktiviteten på øya som igjen sikrar gode ruteforbindelsar. Dette aukar verdien av eigedomane Dykkar og gjer dei meir tilgjengelege for dykk. Rekk De ikkje opningstidene er det berre ringe/faxe /maile,
og vi leverer på døra!
Opningstider i sommer:
Mandag - Onsdag - Torsdag kl 1100 - 1630
Tirsdag - Fredag kl 1000 - 1630
Laurdag 1100 - 1530
Vi opnar gjerne ekstra ved behov.
Opningstider haust/vinter (fom 20.8):
Mandag - Fredag kl 1300 - 1630
I tillegg Tirsdag og Fredag kl 1000 - 1100 (førmiddagsrute 1030)
Laurdag 1200 - 1530
Treng nokon handle utanom opninstidene ring 57745112 eller 97141779
Butikken sel også diesel, bensin, motorolje og litt fiskeutstyr.
Vi er kommisjonær for norsk tipping og
har ekspedisjon for Fjord1(rutebåtane).
Kro
Vegg i vegg med butikken har vi kro som er open samstundes med butikken(opna i 2003). Der serverer vi kaffi og elles det meste av flytande. Vi har pubkveldar inn i mellom som vert kunngjort litt i forkant. Vi tilbyr og servering til slutta lag (bursdag, blåturar etc.).
Utleige
Butikken har også utleige av båtar og kajakkar.
1 stk Anytec 622SP m/Yamaha 115Hk Toppfart 37 knop. Sitteplass 6. Utleige med kjentmann. Fiske, rundturar m.v. Henv. butikken
tlf. 577 45 112
1 stk Nordstar 26 pris på forespørsel

2 stk havkajakk Hasle Expedition pris kr. 200 pr. døgn
Kontaktinformasjon
Telefon : 577 45112
Mobiltlf: 97141779
Faks : 577 45115
mailto:narbutikken.tansoy@ngbutikk.net