en-USnb-NO
Monday, February 06, 2012
Kort om Askrova Minimize
Milepelar og tal
 
Tansøy, Helgøy, Raudøy og Æsøy ligg vest av Askrova. Askrova, Tansøy og Helgøy har fastbuande, medan Raudøy og Æsøy har fritidsbustader.     
 
Areal
Askrova er på 7.5 kvadratkilometer. Tansøy 0,55 Helgøy 0,25 Raudøy 0.15 og Æsøy 0,35.  Høgaste punkt på Askrova er 220.69 meter over havet.
 
Folketal / busetnad
Øysamfunnet har ca. 70 fastbuande. Desse er fordelt slik; Askrova(60),Tansøy(12) og Helgøy(1).  Øyane har 34 hytter,  25 hus utan fastbuande og 42 hus med fastbuande pr. februar 2007. 
 
Infrastruktur
Elektrisk strøm blei bygd ut på øyane i 1953. Telefon kom i 196x og breiband i 2006.
 
Veg mellom Hammarset og Valvik ble bygd i perioden 1940 – 50. Denne er på ca. 10 km. Vegen går frå Valvik i nordvest til Sunde i sør og deretter til Hammarset i nordaust. 
 
Molo og kai blei bygd ved Espeset omkring 1970. Denne er eigd av Kystverket og open for offentleg bruk. 
 
Grendahus. Askrova bygdelag har bygd eige grendehus (opningsfest 7.1.1984) og fotballplass(198x).  
Bedehus. Askrova Bedehus vart bygd i 1956 og opna 14. april 1957.
 
Butikk / pub. M Svardahl bygde butikk og fiskemottak i 1967. Den vart påbygd i 200x med eigen pub og møteplass.
Bru mellom Askrova - Tansøy vart bygd i 1990 med ferdigsynfaring 10.10.1990.
 
Skulehus. Askrova skule vart etabelrt før 1900. Skulehuset vart ombygd omkring 1931.  Bygningen brann ned 28.2 i 198x og nytt bygg vart opna 9.8.1991.  Askrova skule blei nedlagt i 2006.  Øya har pr. februar 2007 15 elevar som reiser med skulerute til Florø.
Ruter 
Båtrute vart etablert frå omkring 1940. Sidan har øyane hatt båtrute. I dag vert bårute utført av Fjord1 – Fylkesbaatane på oppdrag frå Flora Kommune.  Bussrute blei oppretta i samband med nye båtruter i 1976.
 
Næring 
Øya har ca. 10 personar som er knytta til drift av gardsbruk. Fleire av desse har også anna arbeid. Det vert kunn utøvd fiskeri i mindre omfang. Mange har Florø som arbeidsstad men bur på Askrova/ Tansøy.     
 
  

Start   |   Gjestebok   |   Historie   |   Slektshistorie   |   Fotoarkiv   |   Dokumentarkiv   |   Ruter   |   Guide for Askrova   |   Kontakt oss   |   Påmelding
Copyright (c) 2012 Askrovanett