GENERELT
Tomteområda er del av handlingsplan for auka busetnad på Askrova. Planen skal politisk handsamast av Flora kommune med sikte på innarbeiding av tomteareala i arealdelen av kommuneplanen. Interesserte kan kontakte Askrova Bygdelag eller den aktuelle grunneigar.
OMRÅDE 1
Grunneigar : Malene Dybaa, 6919 Tansøy.
Solrikt areal i sørausthellande terreng mot sjø. Lunt ved nordlige og vestlege vindretninger.
Sjøarealet mot eigedomen er innelukka av ein holme og er frå gammalt av ein god båthavn. Vidare er det eit grunnlendt område med sandbotn egna for opparbeiding av badestrand. Området ligg i avstand ca.200m.frå ferjekaia og butikken.
Arealet er på ca.15 da.og høveleg for 3-5 bueiningar enten som enkeltbustader eller bygdetun. Innanfor arealet er det godt egna eng for dyrking av vekster og.evnt hushyr i mindre skala. Det er aktuelt å utarbeide bebyggelsesplan/reguleringsplan for området.

OMRÅDE 2
Grunneigar : Karsten Sunde, 6919 Tansøy.
Solrikt sørvendt areal i hellande terreng mot sjø. Lunt ved nordlige og austlege vindretninger. Fantastisk utsikt i 180 graders vinkel.
Området ligg i tilknytning til fylkesvegen ca.400m.frå ferjekaia og butikken.
Arealet er på ca.4 da. og egna for inntil 3 enkeltbustader på rekke.
OMRÅDE 3
Grunneigar : Fredrik Valvik, 6919 Tansøy.
Hytteområde med enkelttomter. Godkjend reguleringsplan.
Fleire foto frå område 1 og 2 er lagt ut under fotoarkiv. Kart over områda er plassert under dokumentarkiv.