TANSØY BRU
Historikk
Sammendrag av historikken fram til 1980 er beskreve i søknad frå oppsittarane.
Etter denne søknaden arbeidde oppsittarane i 10 år med å få prosjektet realisert. Det vart laga tegninger og beskrivelser, innhenta tilbud frå entreprenører og søkt godkjenninger i kystverket og kommunen.
I 1990 vart det pånytt sendt søknad til kommunen, denne gang med ferdig innhenta pristilbud og forslag til finansiering.
Det vart då gjort vedtak i Flora Bystyre om å realisere prosjektet. Brua var ferdig hausten 1990.
Kostnader
Brua kom på Kr.1.500.000, fordelt på Flora kommune med kr.1.200.000, landbrukstilskot med kr.200.000 og tilskot frå oppsittarane på Tansøy med kr.100.000.
Tekniske data
Brua var planlagt i regi av oppsittarane som ein gards- og grendeveg med standard som kommunal veg. Dimensjoneringsgrunnlaget var 10 tonn akseltrykk og samtidig jevnt fordelt last på 500 kg/m².
Bruklaffen er 16,5 m lang og løfta ved hjelp av hydrauliske sylindrer drifta av ein elektromotor på 11 kilowatt.
Brua har minste bredde mellom rekkverka på 2,75 m.
Seilingsåpningen er 15 m.
Bruk
Bruken er regulert av eit brureglement godkjend av Kystverket og vert styrt av trafikkantane etter nermare brukerinstruks.
Fylgjande dokument er lagt inn i dokumentarkiv under Tansøy Bru:
SØKNAD FRÅ OPPSITTARANE PÅ TANSØY - 1980.pdf
NY SØKNAD FRÅ OPPSITTARANE - 1990.pdf
BRUREGLEMENT.pdf
BRUKERINSTRUKS.pdf