Phø! Teater på Leikeplassen 26.juni

Når vi bur på ein draumeplass, då må vi draume oss litt vekk iblandt :) 26.juni kl 17:00 blir det teater på leikeplassen. Fri entre for heile familien!

Målfrid Masa er målesjefansvarleg i det store, alvorlege Justervesenet. Dette er ein veldig vaksnen og seriøs jobb, der det ikkje passar seg å springe rundt å tulle og leike. Men Målesjefansvarleg Masa tykkjer det er kjempekjedeleg å være vaksen heile tida. Så 26. Juni har ho bsetemt seg for å skulke jobben, reise til Askrova, og gjere noko heilt anna. Ho vil LEIKE! Og visst nokon seier at ho ikkje får lov? Då seier ho berre "PØH!"

Dette er ei musikalsk, leiken og interaktiv forestilling med fargerike kostyme og artig musikk, der alle får vere med å bestemme reglane.

Målfrid Masa kjem til leikeplassen ved kaia på Askrova klokka 17.00

Då har Askrova Bygdelag fyrt opp grillen, og serverer pølser og saft!

Det går rutebåtar frå Florø til Askrova klokka 14.30 og 16.00

Frå Askrova og til Florø: Kl. 20.35

Skodespelaren Ramona Sulen er Målfrid, i eit stykkje som er pønska ut av Irene Ahnell. Leslie Egerer har laga musikken. Forestillingen er eit samarbeid mellom Askrova Bygdelag og Svanøy Folkeakademi.

Vel møtt til gratis moro! :)

teater.jpg