Posten på Askrova

post-1.jpg

Brevhus
Frå 1933 var der og eit brevhus i Valvik. Anders Hovland bestyrte brevhuset heime hjå seg og seinare tok Aslaug Hovland arbeidet med brevhuset. I 1949 fekk brevhuset utvida arbeidsområde, då dei fekk høve til å betale ut giro/anvisninger. Brevhuset blei lagt ned i 1971 då Geir Æsøy byrja som landpostbud. 

Postkontor
Magnhild Æsøy byrja i posten 1 juli 1958 og slutta i løpet av 1971.  Ho hadde postkontor heime hjå seg sjølv, og alle husstandane henta posten sin der. 
I 1971 tok sonen Geir Æsøy over posten og med han kom landpostbudtenesta.  Alle husstandane fekk no posten på døra eller i eigen postkasse. 
I oktober 1974 overtok Hjørdis Jeppesen som poststyrar medan Kjell Æsøy køyrde landpostruta. Han køyrde fram til februar 1975. 
Leif Jeppesen ektemannen til Hjørdis overtok då landpostruta. 
I juli 1975 blei postkontoret flytta frå Magnhild Æsøy sin heim. Postkontoret blei flytta til Kvamen Hjørdis og Leif sin heim. Der var det postkontor fram til august 1998. Berit J Fjellestad og Leikny Henriksen har arbeid som vikarar her. Berit J Fjellestad som hadde vore vikar for både Hjørdis og Leif fortsatte som landpostbud frå 1998 . Berit J Fjellestad innreia då eit postkontor heime hjå seg. I 1999 vart Kjell Dybaa tilsett som vikar i landpostruta. 

Dagens postteneste
Dagens post er post i butikk, Nærbutikken. Berit Fjellestad jobber nå i butikken og jobbar saman med Magne Svardahl om eig og driv butikken. Kjell Dybaa ble sagt opp etter det ble post i butikk.