Butikk og kro

Butikken 2.jpg

Opningstider for butikken hele året:

Mandag - fredag kl 11.00-12.00 og 14.00 - 16.45
Lørdag kl 11.00-12.00 og 13.00 - 15.30
Søndag - Stengt

Vi opner gjerne ekstra ved behov. 

Om noen trenger å handle utenom åpningstidene
ring 57 74 51 12 eller 971 41 779
Eller send e-post til:
narbutikken.tansoy@ngbutikk.net 
magnesvar@gmail.com

Vegg i vegg med butikken har vi kro som er open  samstundes med butikken (opna i 2003). Der serverer vi kaffi og ellers det meste av flytende. Vi har pubkvelder inn i mellom som vert kunngjort litt i forkant og på sommaren blir det som regel ein utekonsert på terassen med ein trubadur! Vi tilbyr og servering til lukket lag (bursdag, blåturar etc.). 

Historie

Det har vore butikk/landhandel på Tansøy/Askrova så lenge ein veit. Ei stund var det fleire som dreiv landhandel .

Krambua på Tansøy vart lagt ned i 1967 samstundes som ny butikk og fiskemottak vart opna på Askrova. Fiskemottaket vart seinare lagt ned i 1990. Magne Svardahl er fjerde generasjon som driv landhandel og har drive med det sidan 1980. 

Magne sin oldefar, Mads, kjøpte bruket på Tansøy i siste halvdel av 1800 talet, og senere drev Sara som er oldemoren til Magne fram til bestefar, Annanias, overtok. Deretter overtok faren til Magne, Magnar, fram til moren, Asbjørg, tok over.

Det har hatt ei fallande kurve på folketalet, og når vi no på det lågaste er ned mot 80 fastbuande er det ein stor utfordring å kunne sikre vidare drift. Ein god sommarsesong saman med mange tileggsoppgåver og stort sett lojale kundar har heldigvis gjort dette mogeleg. Butikken er eit viktig samlingspunkt både for alle som bur eller vitjar øya. Til dei tilreisande vil eg seie (særleg dei med hytter) at det er svært viktig at De brukar butikken og ikkje fyller opp bilane med mat før De kjem. På den måten er de med å sikre aktiviteten på øya som igjen sikrar gode ruteforbindelsar. Dette aukar verdien av eigedomane Dykkar og gjer dei meir tilgjengelege for dykk. Rekk De ikkje opningstidene er det berre å ringe eller sende mail, og vi leverer på døra!

Butikken sel også diesel, bensin, motorolje og litt fiskeutstyr.

Vi er kommisjonær for norsk tipping.