Irsk musikk på Norges vestligaste utescene? JA! Fredag 30.Juni

Fredag 30. Juni napper vi i gitar strengene att. Endelig er det klart for ny konsert under hillaren på Askrova.

I år har Askrova Bygdelag og Svanøy Folkeakademi den store gleda av å presentere The Celtic ad-Lib i Hillaren ova i grendahuset på Askrova!

Robert Wåge på gitar og sang, og Bård Larsen på mandolin og koring, kjem til Askrova fredag 30.juni for å spele keltiske balladar under hillaren på Askrova.

Den keltiske balladetradisjonen er melodisk og tekstbasert, der den tek opp tema som lengt, kjærleik, fest og kvardagsliv på øyane lenger vest for oss enn Askrova.

Sjølv om dei keltiske balladane kan vere både melankolske og vakre, har finskjorta ein tendens til å lukte øl når du kjem heim morgonen etterpå.

Konsertstart: fredag 30.juni kl. 18.30
Billettprisar: Vaksen kr 180,-  Alle under 15 år gratis,-


Konserten er tilpassa båtruter til og frå Florø.

Bygdelaget held ved/kol om nokon vil grille etter konserten. Ta med det du vil av drikke.
Spesiell takk til familien Espeseth for utlån av utstyr og lokasjon.

OBS! Det er kun 60 billettar til konserten, då vi satsar på at alle skal kunne stå i le frå hillaren om veiret blir dårleg

Billetter? Trykk på lenke under.

Keltisk under Hillaren | Askrova (ticketco.events)