Linnea Dale til Hillaren, Askrova 16.07

Vi har vert som ein sprekkeferdig ballong i lang tid - I år har Askrova Bygdelag og Svanøy Folkeakademi den store gleda av å presentere Linnea Dale i Hillaren ova i grendahuset på Askrova. Linnea kommer rett fra Allsang på grensen til Hillaren ved Askrova, vår kulturscene begynner å få eit godt renome :)

Linnea Dale vart som 16-åring kjend for det norske folk som finaledeltakar i den tredje
sesongen av Idol. Etter deltakelsen vart Dale invitert med som gjestevokalist i Donkeyboy
og er for mange kjent som stemma bak hitsinglene «Ambitions» og «Sometimes».
Begge singlane nådde toppen av VG-lista i 2009 og var to av de mest spelte låtane på norsk radio.
"Ambitions" vart spelemannnominert til Årets hit og Årets video.

I 2014 deltok Linnea i den norske finalen av Melodi Grand Prix med singelen «High Hopes» som kom på 2. plass.
Linnea var også med i 2020-sesongen av «Hver gang vi møtes».

Ved Hillaren på Askrova kjem Linnea Dale i duoformat der ho har med seg Sigurd Thomassen
på gitar og vokal.

Askrova fredag 16.juli kl. 18.00
Billett kr 175,-
Det ligg ute foreløpig maks 50 billettar, så vær rask!

https://svanoyfolkeakademi.ticketco.events/no/nb/m/e/linnea_dale_paa_askrova
Konserten er tilpassa båtruter til og frå Florø.

Bygdelaget held ved/kol om nokon vil grille etter konserten. Ta med det du vil av drikke. Etterfesten tar vi ved hillaren med lott å løye :)

Askrova Bygdelag lyt rette ei stor takk til Folkeakademiet Sogn og Fjordane, Amedia ved #Firdaposten og alle gode dugnadskrefter i lokalsammfunnet for god hjelp med arrangementet.
Spesiell takk til familien Espeseth for utlån av utstyr og lokasjon.

Restriksjoner

Hugs reglar om smittevern! 
- vi må halde 1 m avstand mellom personar som ikkje bur i same husstand. 
- om du er sjuk lyt vi be deg om å halde deg heime.

Ansvarsfraskrivelse

Billettar vert kun refundert ved kansellert arrangement.