Trollverksted Draumeplassen

Lørdag 02.november håper vi så mange barn som mulig vil hjelpe oss å lage pynt til draumeplassen!

Møt kl.10 i grendehuset og husk maleklær, for no skal vi være kreative! 😄

Det blir fokus på pynt til uteområdet rundt draumeplassen og stien - vi har derfor satt stein maling som dagens aktivitet. Stein er samla inn og maling kjøpt, så alt folk treng å ha med er sitt gode humør👌

Ps: det vil bli servert enkel snack og kaffe til dei som måtte trenge det!

Håpar og sjå deg der!

Ps: sjå vedlagt bilde - heldigvis har vi unge lovende som denne frøkna her som allerede har starta dekorering av draumeplassen med heimelaga skilt!

Resized_20191026_114539.jpg
Resized_20191026_114533.jpg

Saueklippekurs på Askrova

Sju lokale bønder på Askrova gjennomførte denne helga eit klippekurs for nybegynnarar.

I helgen arrangerte Askrova Sau & Geit klippekurs for nybegynnarar. Det var sju lokale bønder på kurset som gjekk over 24 timar, fredag, laurdag og søndag.

Sindre Myhrsveen frå Fåvang i Gudbrandsdalen og Bjørnar Bakken frå Sør Fron i Gudbrandsdalen var instruktørar. Her kan det nemnast at Myhrsveen kom på tredjeplass i årets NM i saueklipping.

Kurset var gjennomført med økonomisk støtte frå NSG (Norsk Sau & Geit) og Askrova Sau & Geit.

Alle 7 kursdeltakarane bestod kurset.

I gjennom helga klypte deltakarane om lag 140 sauar og lamb. Neste år er planen å gjennomføre vidaregåande kurs, det vil seie å klippe minimum 12 sauer på 1 time.

Få med deg navnet på Draumeplassen!

Endelig er navnet på draumeplassen avgjort! I går 10.okt - fekk vi samla eit fabelaktig dommerpanel av både hyttebarn og fastbuande, som tok den vanskelige avgjølelsen om kva draumeplassen på Askrova skal heite.

Etter mykje om og men, og litt grublegodteri (Bamsemums og smørbukk) vart det endelig bestemt! Alternativa vart lest opp og kvar enkelt av barna fekk skrive ned 2 navn dei likte best! Deretter var det opptelling - er du spent på vinnaren? Og kven som hadde forslaget om det som vann?

Sjå vedlagt video for å få vite det!☺️👍😄

Vi gleda oss til vidare oppbygging av draumeplassen - spesielt når vi har so mange kjekke barn og unge som hjelper oss på vei ! 💪👌

20191010_171134.jpg
20191010_171350.jpg
20191010_171505.jpg
20191010_171308.jpg
20191010_171315.jpg
20191010_171420.jpg
20191010_171835.jpg
20191010_171442.jpg
20191010_172413.jpg
20191010_172708.jpg
received_3078121668881219.jpeg