Atter ein gong arrangerte bygdelaget og frivillige ei vellykka ferieveke på Askrova.
Det tredje året på rad har Askrova Bygdelag arrangert familieferie på Askrova. Vi var også i år heldige med været slik at alle aktivitetane lot seg gjennomføre.
Veka starta med Jonsokfeiring i Devika - med rømmegraut. Her vart det også leita etter krabber i fjæra og ein uhøgtidelig “ kaste flyndre konkurranse”. Heldigvis har ein av våre lokale gutar ein liten båt, kor han inviterte alle som ville på ein kjøretur.
Vidare hadde vi i år til forskjell frå andre år, fokus på samarbeid med andre lag og organisasjoner i nærmiljøet. Derfor bestod programmet for veka både av besøk til Hjortefarmen på Svanøy og Teater i regi av Svanøy Folkeakademi. På Hjortefarmen hadde dei eit kjempeflott opplegg med mat, mating av dyra og konkurranser til glede for både store og små. Svanøy Folkeakademi derimot hadde funne tak i fabelaktige Ramona som kom kjørande til Askrova frå Bergen, onsdag 26. juni, for å holde forestillinga “PHØ” på Askrova sin leikeplass. Her vart det servert pølser, saft og smågodt til alle som kom, og saman koste vi oss mette og gode med ei fargerik forestilling. Etter forestillinga ville barna ha diskotek, og diskotek med sang og dans på storanlegg det vart!
Programmet bestod også av ein turdag med heimelaga sjokoladeboller og kanopadling. Torsdag var det fisketur med den gamle rutebåten Kveldsol, kor makrellen ikkje var vanskelig i få. Til og med ein reporter frå tvkanalen NRK ville vere med og prøve fiskelykken! Og når makrellen bit må man selvfølgelig lære korleis den skal sløyast! Her vart då lokalbefolkningen engasjert til å holde kurs i sløying og filetering, og mange lærte nye kunster! Veka vart avslutta med vannscooterkjøring og besøk hos kjendissauen Oddlaug.
Takk til alle feriegjestar og frivillige for ei fantastisk veke. Og takk til Barne -, Ungdoms - og familiedirektoratet (Bufdir) for midler til å gjennomføre dette fantastiske tiltaket.
Mykje moro på hjortefarmen på Svanøy