Informasjon om skilt på gravsteinar;
Alle graver skal ha éin fysisk person som ansvarleg eller festar.
Festaren har rett til å avgjere kven som skal gravleggjast i grava og rå over gravminnet. Festaren skal halde grava i hevd, men det er ikkje krav om å ha plantefelt.
Når ei grav manglar festar, eller det ikkje er mogleg å få tak i festaren, heng vi opp skilt på grava. På denne måten gjev vi folk høve til å feste grava. No arbeider vi med kartlegging av gravplassen på Askrova, og det vil kome opp mange skilt.
Dei gravene som ikkje har festar, er det gravplasstyresmakta som har ansvar og råderett over.
Gravplasstyresmakta avgjer om gravsteinar utan festar vert ståande eller fjerna.
Dersom du ynskjer å verte festar av ei grav, melder du får til kyrkjekontoret på e-post kyrkja@kinn.kommune.no, telefon 481 00 481 eller post Kinn kyrkjelege fellesråd, postboks 504, 6903 Florø. Det er viktig at du har så mykje informasjon om grava som mogleg, både namn, fødselsdato og dødsdato.
Hugs at festaren har ansvar for gravsteinen og at denne skal vere i skikkeleg stand og ikkje til forfall.
Det er svært viktig at skilta ikkje vert fjerna utan løyve. Då tek du bort høvet for andre til å feste grava.
Nøl ikkje med å take kontakt med kyrkjekontoret, dersom du har spørsmål.