Bilbestilling - gebyr ved manglende oppmøte

Info fra Skyss:

På bakgrunn av erfaringane med at dagens reservasjonsløysing ikkje fungerer heilt etter intensjonen i dag, og tilbakemelding på forslaget Skyss hadde med innføring av gebyr, har vi beslutta å innføre gebyr for manglande oppmøte. Ordninga trer i kraft 1. november 2026.

Føremålet med gebyret er å redusere talet på bilplassar som blir reserverte, men ikkje nytta eller avbestilte. Det skal bidra til at avgangane ikkje framstår som fullbooka når det i realiteten er ledig kapasitet, og gi andre reisande betre høve til å reservere plass.

Dette inneber:

  • Det vil bli kravd eit gebyr på kr. 300 dersom ein reservert bilplass ikkje blir nytta eller avbestilt innan fristen (frå og med 1. november)

  • Reservasjon kan avbestillast kostnadsfritt fram til to timar før avgang

  • Kvelden før reisa blir det sendt ei påminning om aktive reservasjonar neste dag

Påminninga skal gjere det enklare å halde oversikt over reservasjonane og avbestille plass som ikkje skal nyttast.

Oppdaterte vilkår frå 1. oktober

Vilkåra for reservasjon av bilplass vert oppdatert frå 1. oktober 2026. Bakgrunnen er at det er mogleg å reservere plass éin månad fram i tid. Informasjon om gebyret og dei nye avbestillingsvilkåra må derfor vere tilgjengeleg når reservasjonane for november blir gjort.

Avbestillingsfristen blir samstundes endra frå ti minutt til to timar før avgang. Dette skal gi andre reisande betre høve til å reservere bilplassar som blir frigjorde. Når det gjeld oppmøtefrist for reservert bilplass er vilkåra uendra. Ikkje møtt innan oppmøtefrist reknast som manglande oppmøte.


Andre innspel til reservasjonsløysinga

I dialogen har det òg kome ønske om å kunne reservere og betale i same operasjon. Dette er som nemnd ikkje mogleg i dagens system. Systemet for reservasjon er eigd og drifta av Norled, medan Skyss står for systemet for billettkjøp om bord. Køyretøya vert billettert etter AutoPASS-regulativet, etter same prinsipp som på ferjene i fylket. Det er derfor ikkje mogleg å samle reservasjon og betaling i ei løysing i dag.

Det har òg kome innspel om ventelisteordning i forbindelse med reservasjon. Ei slik ordning krev meir omfattande endringar i dagens løysing og er ikkje ein del av utviklinga som er gjennomført no. I første omgang blir gebyr for manglande oppmøte innført for å bidra til at bilplassar som ikkje skal nyttast, blir avbestilt og gjort tilgjengeleg for andre reisande. Skyss vil evaluere ordninga og følgje utviklinga i kapasitetssituasjonen.