Vi er trekt ut til Draumeplassen :) !! :)

Folkens!

No er katten ute av sekken, Askrova og Tansøy er trekt ut til å være 1 av 5 heldige som får støtte til å utvikle en draumeplass. Vi har 2 fantastiske damer, Kjersti og Siri, i styret i bygdelaget som har jobba seint å tidlig med å utforme ein Idè som både vi og 4H digga!

I juni blir det bygdemøte der vi alle skal være med å sette fingeren på hvordan vi vil ha det på vår draumeplass. innkalling kjeme seinare, men vi oppfordra alle til å starte prosessen med å tenke ut hvordan din draumeplass skal sjå ut, skriv ned idèen på en gul lapp eller på dopapiret, idèane kjeme ofte i fellesskap eller i en stille stund på ramma :)

Felles skal vi lage noko fantastisk bra! :)

Utdrag fra pressemeldingen til 4H sogn og fjordane ligger under;

Klart for fem nye Draumeplassar

Dei fem vinnarane av årets runde av «Draumeplassen» er no kåra, og kan dermed byrje arbeidet med å skape ein lokal naturmøteplass.

Årets vinnarar er Askrova Bygdelag på Askrova, Dalen Grendalag i Bremanger, Fossekallen 4H i Oppstryn, Gaupa 4H i Innvik og Stadlandet IL/Barnas Turlag Stadlandet i Borgundvåg i Selje. Vinnarane får 100 000 kroner og prosjekthjelp til å byggje naturmøteplass.

- Det er over all forventing og vi er kjempeglade for at fleire skal få ta del i Askrova som er vår Draumeplass, og sjå alt vi har å by på her ute. Askrova blir kalla den Grøne Smaragd, fordi vi har ein flott natur med enorm variasjon, som gjer dette til ein perfekt stad å lage ein naturmøteplass. Derfor er vi ekstra takknemlege for at vi får denne moglegheita av 4H Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen, strålar Siri Sunde og Kjersti Olsaker i Askrova Bygdelag, som er ein av vinnarane.

Møteplassar i nærnaturen:

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak konkurransen som starta i 2015, og som framleis er støtta av Gjensidigestiftelsen. Det kom inn 17 søknadar til fylket i år, og fristen var 15. mai.

- Draumeplassen engasjerer til meir friluftsliv i nærnaturen for mange. Born og unge skal vere aktive i heile prosessen, og vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen, smiler Roger Eide, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.

- Eg gler meg til å fylgje vinnarane frå livleg draum i starten, læring og meistring i byggjeprosessen framover – heilt til samling kring grua på ferdigbygd Draumeplass. Dette er feltbasar i nærmiljøet som blir spesielt viktige formidlingsarenaer i tida framover. Her styrkjer vi kunnskapen, haldningane, kulturen og viljen hjå oss alle – til å vakne skikkeleg opp, iverksetje berekraftig handling og ta meir vare på naturen ikring oss.

- Klima og natur heng i saman og alt er avhengig av kvarandre, i dette finurlege og skjøre puslespelet. Jamfør den nylege situasjonsrapporten frå naturpanelet hjå FN. Draumeplassen fremjer fokus på det vi vil ha meir av; det grøne skiftet, meir naturglede, friluftsliv, fysisk aktivitet og ei betre folkehelse. Alle søknadene vi fekk inn vitnar om at møteplassar i nærnaturen er godt i vinden.

Tre nye fylke får Draumeplassen i 2019:

Det er fjerde gongen 4H Sogn og Fjordane lyser ut Draumeplassen-konkurranse i fylket, der alle lokale lag og frivillige organisasjonar kan søkje.

- Eg vil takke Gjensidigestiftelsen hjarteleg for støtta som gjer dette mogleg, spesielt sidan stiftinga valte å støtte heile fire fylke med årets Draumeplassen-konkurranse, seier Roger Eide.

- Dei tre nye fylka er Troms, Møre og Romsdal og Østfold, som også fekk midlar til fem Draumeplassar i sine fylke. No byggjer vi stein på stein framover, for ei nasjonal satsing. Samstundes skal vi også søkje viktig balanse med å ikkje tilretteleggje for mykje i naturen. Her trengst ei jamvekt med nok urøyrt natur, vern, ro og stille.

- Vidare vil eg takke for innsatsen og engasjementet, til dei søkjarane som diverre ikkje vert vinnarar i år. Dei vil få informasjon om korleis dei kan jobbe vidare, for å vonleg realisere naturmøteplassen sin i framtida, oppmuntrar Eide.

Godt fornøgd med søknadane:

Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen var med i juryen som kåra dei fem vinnarane i Sogn og Fjordane. Ho er godt fornøgd med søknadane som kom inn frå lokale lag og frivillige organisasjonar i fylket.

- Gjensidigestiftelsen er opptatt av lågterskeltilbod som treff mange og som fremjar aktivitet og samhandling i lokalmiljøet. Vinnarane i årets runde har god spennvidd, frå tradisjonelle naturmøteplassar til utvikling av allereie eksisterande område med nye aktivitetar og fasilitetar.

- Alle vinnarane scorar høgt på dei kriteria vi har sett for konkurransen, både når det gjeld involvering av barn og unge, høve til læring om naturen og at plassane skal vere opne og tilgjengelege for alle, fortel Hjørdis Vik og held fram: 
- Det er kjekt å sjå at det veks og blomstrar på Draumeplassane våre!

askrova bygdelag.jpg

Olav Aasmundson Vinje, teater under hillaren sammen med Svanøy Folkeakademi.

Ei heilt fantastisk forestilling er over. Virkelig ei gripande og flott framføring av Kyrre Eikås Ottersen. Ettermiddag og kvelden blei avduka med velkomsttale fra Styreleiaren i Askrova Bygdelag sammen med lederen i Svanøy Folkeakademi. Kjekt at bygdelaget kan få til slikt sammarbeid med nabo-øyar! Flere har retta ønske om å gjere noko lignande ved ein seinare anledning, og det skal vi sjølvsakt prøve på :)

Ellers må vi få takke familien Espeseth som hadde laga sitteplasser til alle, og for servering av herlig hjemmelaget sau-i-løk suppe, virkelig snadder mat! Vi hadde håpa på 30-40 personer, men kuleramma stoppa ikke før vi talte 65stk, dette var over all forventing og utrolig kjekt! :)

Mangfaldprisen 2019, Askrova Bygdelag

Askrova Bygdelag skriver seg inn i historiebøkene med tildeling av Flora Kommunes siste Mangfaldpris. Kvart år heidrar Flora kommune einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturarbeid i året som gjekk. Kriteriane for å få tildelt en slik pris er; einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturfeltet i året som gjekk, og for å ha fremja samkvem og forståing mellom folk frå ulike kulturar.

Askrova Bygdelag har gjennom fleire år jobba med mangfald og inkludering. Vi har både feila og gjort rett, noko som gjenspeiler seg i en slik pris. Styret i Askrova Bygdelag var på Florø Stadion å tok imot prisen og bygdelaget hadde laget en takketale til folket. Takketalen kan du lese under.

Mangfaldprisen, takketale frå Askrova Bygdelag.

“Askrova Bygdelag er utruleg overraska og takknemleg for prisen, men samstundes stolte av oss sjølve. Takk til Flora Kommune, Takk til Levekårs utvalet og takk til dykk for denne prisen. Det blir som å hoppe etter Wirkola når en skal holde tale etter både Ola-ordførar og Solveig-Russepresident. Eg har fått tildelt 5 minutt til en takketale, og dei har vi tenkt å bruke godt. Eg har tatt tida på meg sjølve, og det går akkurat 4minutt og 45sek på det eg skal seie dykk i dag.

Eg har lyst å snakke om mangfald.

Mangfald er ikkje berre integrering, men det er ulikheiter i samfunnet. Mangfald er det som gjere verden, Norge, Florø, Askrova, ja kor som helst der du er til ein god og spanande plass å bu. Askrova har eit breitt mangfald, vi har til dømes;

Store & små

Tykke & tynne

Spanjolar & polakkar

Kyr & sauer,

Fiskarar & politikar

Ja, som kongen sa i nyttårstala; Norge er et rikt mangfaldig samfunn der jenter likar jenter, gutar likar gutar, gutar som likar jenter og jenter som likar gutar, og folk som er glade i kvarandre. Det vi i Askrova Bygdelag ynskjer, er at fleire skal få ta del i dette mangfaldet. Mangfald vil inspirerer, gje moglegheiter, bidra til kreativitet og vekst.  Som Ola-ordføraren vår sa i si 17.mai tale;  «vi dannar vår eigen identitet»

No vekst Flora Kommune inn i Kinn kommune. Vi gleder oss. Vi er klar, vi håper dykk er klar, for dette blir bra! Vi ynskjer å ta fram eit sitat frå Pippi Langstrømpe «Dette har eg ikkje gjort før, så dette får eg nok til». Vi skal også få dette til saman, vi skal danne eit godt mangfald i Kinn Kommune.

Askrova Bygdelag skal fortsette å jobbe mot eit inkluderande samfunn som det skal være godt å bu i. No skal vi snart til med vårt neste store prosjekt, nemlig ferieveke. Vi har fått stønad frå BUFDIR til dette og gler oss til å ta fatt på utfordringa. På måndag20.mai kl 17:30 er det møte på samfunnshuset, «ALLE MED». Der skal vi være, vi håper vi ser nettopp deg der.

Takk for prisen, takk for oss. Ha ei fin feiring vidare.”

Askrova Bygdelag.